Tynset skøyter - www.unosport.no

 

UNDERGRUNNSSKEISERØRSLEMEISTERSKAPEN 2023

invitasjon


(Dette er info hentet fra Facebook-siden https://www.facebook.com/events/502634468660091 )
Arrangement av Per Gunnar Stensvaag

Undergrunnsskeiserørslemeisterskapstilskipingsnemnda har herved gleda av å invitera til
UNDERGRUNNSSKEISERØRSLEMEISTERSKAPEN 2023

Fredag 24/3 kl. 18:30: 500 og 5000m
Laurdag 25/3 når skrinnarane har rakna til: 1500 og 10.000m
Laurdag 25/3 kl. 20:00: Bankett med kjøtsuppe (veganarar sei i frå så får dykk særskilt suppe!),
sang, musikk, dans, spel og mykje anna artig til den ljose morgon.

Klasseinndeling:
Ingen. Alle går i same klasse uansett alder og kjøn.

Seeding:
Fyrste dag: Etter årsbeste/fjorårsbeste/antatt sluttid.
Andre dag: Etter samanlagtstillinga andre dag. Avvik av tilskipingsmessige grunnar kan forekoma.
Her er Undergrunnsskeiserørslemeisterskapstilskipingsnemndleiaren heilt suveren,
men kan ta visse omsyn dersom einskilde har særskilte ynskjer om makker.

Startkontingent:
Ingen, men vi set pris på om deltakarane gjev ein liten skjerv til kjøtsupa og noko som eit lite bidrag til Fosenhallen,
dei lokale som hjelper til på isen, i bua og ikkje minst med det elektroniske tidtakarsystemet og
filmcrewet som via livestream sender kvart eit skeisetak ut til den store verden.
 I fjor vart det 400kr pr. deltakar.
Om vi i tilskipingsnemnda ikkje vert møtt av demonstrasjonstog utanfor skeisehallen,
tillet vi oss i år å heva dette til 500 for å auka bidraget til ovennevnte gode føremål.

Påmelding:
Trykk «SKAL» her og/eller skriv i kommentarfeltet.
Den ovseleg krimsjuka som råka oss i 2020, ser ut til å ha roa seg med no slik at vi slepp fleire utsetjingar og kjepper i hjula.
Vi vonar derfor at alle som har hug til å vera med, sett av desse dagane i sluten av mars
for å vera med på den største storhendinga i året.
Målet lyt vera å slå verdsrekorden frå i fjor i antal som fullfører den store klassiske firkampen.
Då klarte heile 51 skrinnarar dette meisterstykke på isen.

Historie:
Undergrunnsskeiserørslemeisterskapen har vorte arrangert kvart år sidan 1987,
dei fyrste tre åra på Leangen i Trondheim, på Savalen frå 1990 til 2003, Nytrømoen på Tynset 2004-2006, attende på Savalen i 2007
før tilskipinga fekk sin endelege hamn i Fosenhallen i Bjugn frå 2008.
I byrjinga var det eit reint klubbmesterskap for Panserkameratane
før eit særs fruktbart samarbeid vart innleia med skrinnarar frå andre klubbar som
held tradisjonane innan denne heilage sport høgt og aldri avviker frå konseptet med den store firkampen
som tevlingsform i samanlagtmeisterskap.
NTHI sin skeisegruppe var gilde å ha med seg på 90-talet, synlege som dei var på banen med sine heilsvarte heimesydde trikoter.
Desse born av Spøkelseskladden vart etter kvart uteksaminert frå den tekniske høgskulen medan ein voksande skare frå
Lademoens Anarkistiske Skeiseklubb (LASK) tok deira plassar.
Samstundes foregjekk det ein noko tragisk avskaling frå Panserkameratane.
Den vart jo danna som klubben for dei kleinaste skrinnarane i Noreg,
og dei som vart for gode (gjekk forbi Peder Østlund på Adelskaleneren, 199.443 poeng) vart naturleg nok ekskludert.
Sju skrinnarar leid denne vanlagnad og hamna i Hall of Fame (HoF).
For at desse stakkarane framleis skulle ha eit ordentleg tevlingstilbod,
vart det lagt opp så viseleg at dei tre klubbane, PK, HoF og LASK, gjekk saman om klubbmeisterskapa sine.
Soleis vart Undergrunnsskeiserørsla fødd.
Sidan har skrinnarar med dei same verdiar og vørnad for skeisesporten vore velkomen inn i dette heilage syster- og brorskap.
Ildsjelar på Fosenhalvøya og medlemmar av LIK, Lilleborg IdrettsKlubb, har vore av dei mest kjærkomne tilvekstane,
men vi tek gjerne i mot fleire.
Undergrunnsskeiserørslemeisterskapen har etter kvart vorte ein namngjeten og populær hending,
og vi veit at mange no ser fram til å møtast att til spanande tevling og sosialt samvær

Velkomen skal dykk vera, alle gode skeisevener!
 

 

 

 

https://www.unosport.no/