Tynset skøyter - www.unosport.no


UGSRM i Fosenhallen 5. og 6. april 2024
 


Informasjon om UGSRM 2024:
 


Undergrunnsskeiserørslemeisterskapstilskipingsnemnda har herved gleda av å invitera til

UNDERGRUNNSSKEISERØRSLEMEISTERSKAPEN 2024

Fredag 5/4 kl. 18:00: 500 og 5000m

Laurdag 6/4 når skrinnarane har rakna til: 1500 og 10.000m

Laurdag 6/4 kl. 20:00: Bankett med kjøtsuppe (veganarar sei i frå så får dykk særskilt suppe!), sang, musikk, dans, spel og mykje anna artig til den ljose morgon.
 

 


 
Klasseinndeling:
Ingen. Alle går i same klasse uansett alder og kjøn.
Seeding:
Fyrste dag: Etter årsbeste/fjorårsbeste/antatt sluttid.
Andre dag: Etter samanlagtstillinga andre dag. Avvik av tilskipingsmessige grunnar kan forekoma. Her er Undergrunnsskeiserørslemeisterskapstilskipingsnemndleiaren heilt suveren, men kan ta visse omsyn dersom einskilde har særskilte ynskjer om makker.
Startkontingent:
500 kr. Pengane går fyrst og framst som eit lite bidrag til Fosenhallen, dei lokale som hjelper til på isen, i bua og ikkje minst med det elektroniske tidtakarsystemet og filmcrewet som via livestream sender kvart eit skeisetak ut til den store verda. Forutan 4 løp er óg kjøtsuppe, dessert, bankett, musikk og mykje attåt inkludert (drikke og kvinnfolk/mannfolk, for dei som ikkje har det, lyt dykk ordna sjøl). Betalingsinfo kjem når det nærmar seg.
Påmelding:
Trykk «SKAL» her og/eller skriv i kommentarfeltet.
Vi vonar at inga ovseleg krimsjuke råkar oss i år og at alle som har hug til skeisesporten, sett av desse dagane i byrjinga av april for å vera med på den største storhendinga i året. Målet lyt vera å slå verdsrekorden frå i 2022 i antal som fullfører den store klassiske firkampen. Då klarte heile 51 skrinnarar dette meisterstykke på isen. I fjor var det 46

Historikk:
Undergrunnsskeiserørslemeisterskapen har vorte arrangert kvart år sidan 1987, dei fyrste tre åra på Leangen i Trondheim, på Savalen frå 1990 til 2003, Nytrømoen på Tynset 2004-2006, attende på Savalen i 2007 før tilskipinga fekk sin endelege hamn i Fosenhallen i Bjugn frå 2008.
I byrjinga var det eit reint klubbmesterskap for Panserkameratane før eit særs fruktbart samarbeid vart innleia med skrinnarar frå andre klubbar som held tradisjonane innan denne heilage sport høgt og aldri avviker frå konseptet med den store firkampen som tevlingsform i samanlagtmeisterskap. NTHI sin skeisegruppe var gilde å ha med seg på 90-talet, synlege som dei var på banen med sine heilsvarte heimesydde trikoter. Desse born av Spøkelseskladden vart etter kvart uteksaminert frå den tekniske høgskulen medan ein voksande skare frå Lademoens Anarkistiske Skeiseklubb (LASK) tok deira plassar.
Samstundes foregjekk det ein noko tragisk avskaling frå Panserkameratane. Den vart jo danna som klubben for dei kleinaste skrinnarane i Noreg, og dei som vart for gode (gjekk forbi Peder Østlund på Adelskaleneren, 199.443 poeng) vart naturleg nok ekskludert. Sju skrinnarar leid denne vanlagnad og hamna i Hall of Fame (HoF). For at desse stakkarane framleis skulle ha eit ordentleg tevlingstilbod, vart det lagt opp så viseleg at dei tre klubbane, PK, HoF og LASK, gjekk saman om klubbmeisterskapa sine. Soleis vart Undergrunnsskeiserørsla fødd.
Sidan har skrinnarar med dei same verdiar og vørnad for skeisesporten vore velkomen inn i dette heilage syster- og brorskap. Ildsjelar på Fosenhalvøya og medlemmar av LIK, Lilleborg IdrettsKlubb, har vore av dei mest kjærkomne tilvekstane, men vi tek gjerne i mot fleire.
Undergrunnsskeiserørslemeisterskapen har etter kvart vorte ein namngjeten og populær hending, og vi veit at mange no ser fram til å møtast att til spanande tevling og sosialt samvær

Velkomen skal dykk vera, alle gode skeisevener! 

 
 
 

Siiiding UGSRM 2024

500 og 5.000m
 
 

 

 

 

 

500m

notat

 

 

5000m

notat

1

 

39.09 Birk Finnstø Refsaas

 

1

 

6.50.80 Martin Hänggi SUI

 

2

 

40.03 Tage Alexander Linn

 

2

 

7.02.54 Birk Finnstø Refsaas

 

3

 

40.80 Martin Hänggi SUI

 

3

 

7.28.28 Ketil Aalberg

 

4

 

40.95 Jørn Ingebrigt Pettersen

 

4

 

7.58.05 Ronny Pettersen

 

5

 

41.58 Georg Timmian Stormo Tørum

 

5

 

8.08.77 Tage Alexander Linn

 

6

 

43.89 John Ivar Kristensen

 

6

 

8.16.95 Johan Vikhals

 

7

 

43.93 Ronny Pettersen

 

7

 

8.17.14 John Ivar Kristensen

 

8

 

44.21 Christian Eidsvåg

 

8

 

8.20.00 Georg Timmian Stormo Tørum

 

9

 

44.22 Ketil Aalberg

 

9

 

8.24.53 Jørn Ingebrigt Pettersen

 

10

 

44.48 Johan Vikhals

 

10

 

8.29.59 Geir Hestad

 

11

 

45.77 Svein Erik Morkemo

 

11

 

8.29.66 Christian Eidsvåg

 

12

 

45.87 Trygve Reitan

 

12

 

8.32.77 Vidar Skripeland

 

13

 

45.95 Morten Andre Engen

 

13

 

8.37.28 Erik Vea

 

14

 

46.57 Arne Rimmereid

 

14

 

8.41.58 Ragnvald Næss

 

15

 

47.02 Bjørn Fjelnseth

 

15

 

8.42.19 Trygve Reitan

 

16

 

47.77 Bjørn Christian Abrahamsen

 

16

 

8.42.44 Svein Erik Morkemo

 

17

 

47.92 Erik Vea

 

17

 

8.43.49 Octavian Moga, Transylvania

 

18

 

48.13 Geir Hestad

 

18

 

8.59.99 Gard Skoe Fredriksen

 

19

 

48.29 Per Gunnar Stensvaag

 

19

 

9.23.28 Arne Rimmereid

 

20

 

48.54 Gaute Haftor Sørensen

 

20

 

9.23.45 Torbjørn Sæther

 

21

 

49.00 Gard Skoe Fredriksen

 

21

 

9.24.44 Alf Harbitz

 

22

 

50.44 Alf Harbitz

 

22

 

9.27.04 Iver Johansen

 

23

 

50.65 Octavian Moga, Transylvania

 

23

 

9.30.00 Torbjørn Brandtsegg

 

24

 

50.57 Ragnvald Næss

 

24

 

9.34.47 Ole Løland

 

25

 

50.80 Jens Kjesbu Johannessen

 

25

 

9.36.37 Morten Andre Engen

 

26

 

51.15 Vidar Skripeland

 

26

 

9.40.00 Saga Finnstø Gjølga

 

27

 

51.26 Ståle Kvam

 

27

 

9.45.00 Einar Berge Mogstad

 

28

 

51.27 Lars Engvik

 

28

 

9.49.79 Lars Engvik

 

29

 

51.50 Saga Finnstø Gjølga

 

29

 

9.50.89 Tord S Fredriksen

 

30

 

51.54 Ole Løland

 

30

 

9.55.18 Trine Landsem

 

31

 

51.96 Falk Gjølga

 

31

 

9.59.26 Sara Hemmer

 

32

 

52.00 Kjell Tronhus

 

32

 

10.00.00 Alf Gjølga

 

33

 

52.32 Iver Johansen

 

33

 

10.08.23 Bjørn Fjelnseth

 

34

 

53.84 Marita Agnethe Steen

 

34

 

10.11.60 Kjell Tronhus

 

35

 

53.95 Vegard Sevilhaug

 

35

 

10.10.78 Gaute Haftor Sørensen

 

36

 

54.00 Einar Berge Mogstad

 

36

 

10.15.00 Jens Kjesbu Johannessen

 

37

 

54.44 Torbjørn Brandtsegg

 

37

 

10.17.34 Vegard Sevilhaug

 

38

 

54,47 Monica Cais ITA

 

38

 

10.17.92 Arne Kristian Hansen

 

39

 

54.49 Tove Julianne Nerdahl

 

39

 

10.20.00 Falk Gjølga

 

40

 

55.33 Alf Gjølga

 

40

 

10.22.38 Solfrid Sivertsen

 

41

 

55.56 Trine Landsem

 

41

 

10.23.84 Monica Cais ITA

 

42

 

55.94 Solfrid Sivertsen

 

42

 

10.25.00 Marita Agnethe Steen

 

43

 

56.45 Torbjørn Sæther

 

43

 

10.26.47 Magnar Lundberg

 

44

 

56.62 Hege Fossum

 

44

 

10.30.00 Bjørn Christan Abrahamsen

 

45

 

56.69 Arne Kristian Hansen

 

45

 

10.34.11 Per Gunnar Stensvaag

 

46

 

57.07 Magnar Lundberg

 

46

 

10.58.60 Hege Fossum

 

47

 

57.51 Tord S Fredriksen

 

47

 

10.59.99 Raymond André Moen

 

48

 

57.61 Jarle Håbrekke

 

48

 

11.00.00 Per Johan Gjølga

 

49

 

59.29 Silvia Tassara ITA

 

49

 

11.13.57 Jarle Håbrekke

 

50

 

61.37 Morten Jarnskjegge Knutsen

 

50

 

11.14.58 Silvia Tassara ITA

 

51

 

62.00 Per Johan Gjølga

 

51

 

11.15.00 Ståle Kvam

 

52

 

63.00 Raymond André Moen

 

52

 

11.18.29 Morten Jarnskjegge Knutsen

 

53

 

63.65 Ivar Nilssen

 

53

 

11.36.88 Ivar Nilssen

 

54

 

63.81 Sara Hemmer

 

54

 

12.47.34 Tove Julianne Nerdahl

 

55

 

65.00 Susanne V. Stensvaag

 

55

 

12.49.27 Arne Nesheim

 

56

 

82.63 Arne Nesheim

 

56

 

13.05.84 Susanne V. Stensvaag

 

 
 
 
 
 

www.unosport.no